-
Rusfri 16. mai natt 2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
8.mars-markering
Vi samlast kl 19 på Heradsplassen for å feire den internasjonale kvinnedagen.Vi har eit flott program; det blir appell ved Hege Lothe og Deko Mohammed. Song ved Ola Tennes og Kjerringlokk. Sigrid Losnegård Hoddevik les dikt - og Marit Helgheim leier oss gjennom kvelden!
Vi minner om smittevernreglar og ber deg vere heime ved symptom eller mistanke om sjukdom. Alle som kjem på arrangementet vert registrert og det er viktig at vi alle held god avstand. Når vi gjere dette, så skal vi få ein fin kveld saman på Heradsplassen!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på folkehelseundersøkinga i Vestland!
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.