Takk for oss!

Frå nyttår blir det endringar i tilsette ved Gloppen Frivilligsentral.

31. desember takkar Anne Neteland Andenæs for seg på Frivilligsentralen, og 31. januar gjeld det same for Elfrid Rauset Håheim. Olin Almenning har vore med oss som prosjektmedarbeidar og har avslutta sin periode her. 

Vi vil seie takk for godt samarbeid med frivillige og samarbeidspartar. Det er gjevande å få jobbe på frivilligsentralen, og vi har med oss mange gode minner og venskap frå tida her. Vi vil sakne dykk!

Vi er veldig takksame for at vi har fått ein ny, flott dagleg leiar i Kari Arnestad som tek til 1.januar. Vi ønskjer henne lykke til!

Bilda er frå ei minnerik og hyggjeleg avslutting med tilsette og styret. 

Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

2026 © Gloppen frivilligsentral