Felles julekveldsfeiring!

Takk til alle som kom, og til alle som laga til!

I år feira over 30 personar julekvelden i Trivselshagen. Her var både små og store, og fleire land representert. Det blei ein triveleg kveld med god julemat, flott pynta lokale, julestemning, sang, god prat og gåver. 

Vi ønskjer å takke både frivillige og næringsliv som gjorde denne flotte feiringa mogleg:

Frivillige har pynta, laga mat, servert og rydda. Vi fekk julegåver frå Nepalteppe, Europris og julestrømper og gåver frå ein venninnegjeng. Tystad Blomster ga oss juleblomar og flott dekorasjon. Vi kunne dekke opp med kvite dukar frå Movia. Mat og drikke fekk vi frå  Gloppen Hotell, Bakar Jon, Coop Prix Byrkjelo og Coop Extra Sandane og Gardsbrenneriet. Takk til Firda Tidend for flott annonse. Vi har fått økonomisk støtte til arrangementet frå Gloppen Helselag og Norsk Tipping. Håvard Husevåg underheldt og ordførar Leidulf fekk vere julenisse! Arrangørane vil også takke Gloppen kommune for god hjelp i gjennomføringa og for lokale.

Alt i alt ein særs vellykka kveld! Takk til alle - både for oppmøte og innsatsen!

Med helsing arrangørane Gloppen Røde Kors, Coop Extra Sandane og Gloppen Frivilligsentral.

Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

2026 © Gloppen frivilligsentral