-
Open Hall 29. mars
Velkomne til Open Hall i Trivselshallen, Palmesøndag 29.Mars frå kl. 12.00 - 15.00.
Markering av kvinnedagen 8 mars!
Velkomen til markering av kvinnedagen onsdag 8. mars klokka 19 på Heradsplassen på Sandane.Det blir eit flott program:
Internasjonal appell: Olga og Victoria frå Ukraina
Appell ved Beate Dybendal Nordvik, kommunestyrerepresentant for Høgre
Song ved Veronika Kvandal Gjelsten
Musikk ved Ola Skarstein Tennes
Dikt ved Ingeborg Henden Fridtun, leiar i Firda Målungdom
Karoline Bjerkeset, kommunerepresentant for Sp og Hege Lothe, fyrstekandidat for Gloppen SV er programleiarar.
Det blir bålpanner og sal av faklar. Folk i alle aldrar er velkomne! Gratis!
Dei som inviterer er Gloppen bygdekvinnelag, Hyen bygdekvinnelag, Nesjane bygdekvinnelag, Gloppen frivilligsentral, Gloppen Mållag, Gloppen SV, Gloppen Ap og Gloppen Sp.
Vi ynskjer velkomen til ei gratis og flott markering av kvinnedagen!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen
Kva utfordringar og behov har dei frivillige laga i Gloppen? Korleis kan vi få betre dialog og samarbeid? Hjelp oss å finne det ut!
-
Oppsummering av seminar om frivillighet
Det var godt oppmøte i Trivselshagen 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivillighet. Gode innlegg, bra engasjement og kafèdialog resulterete i mange gode innspel til å ta med seg vidare i prosessen.
-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.