-
Rusfri 16. mai natt 2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Oppstart av Demenskor
Vi startar demenskor i Gloppen! Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.Demenskoret har fått ei fantastisk mottaking og bidreg til auka openheit og forståing for personer med demens og deira pårørende. Musikk og samspel med andre kan ha positiv effekt på kognitive utfrodringar, og kan føre til oppleving av glede og verdifulle augeblikk av meistring. Evna til å synge og hugse melodiar beheld dei fleste med demens. Forskning viser at song og musikk har ein positiv effekt på symptom og livskvalitet hjå personar med demens.
No startar demenskor og sangaktivitetar over heile landet, og vi er også klare for oppstart av Demenskor i Gloppen!
Koret skal vere eit lavterskeltilbod for personar med kognitiv svikt. Koret blir eit prøveprosjekt fram til sommaren, og det er gratis å delta. Eg har fått med meg Solfrid Bjørkum, Dorthee Rascwitz, Steinar Engelbrektson, Diana Uribe, Merete Knoff og Olin Almenning på laget og har trua på at dette skal bli eit forrykande kjekt tilbod!
Første øving blir tysdag 11 april kl 17-18.30. Vi får låne kantina på Gloppen Omsorgssenter, og øver der kvar tysdag fram til sommaren.
Eg har alt fått ei rekke frivillige og koristar, så har du lyst å vere med må du vere rask på labben!
Foto: Firda Tidend
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på folkehelseundersøkinga i Vestland!
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.