-
Rusfri 16 mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar, konsert og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Rusfri 16. mai natt
Rusfri 16. mai-feiring på Sandane har vore arrangert i ei årrekkje. Årets arrangement vert, som tidlegare år, arrangert i Trivselshagen.Målgruppa er ungdom f.o.m. 9. klasse t.o.m. 19 år. Ungdommane betalar inngangsbillett og vi byr på taco, brus og konsert.
I år er det mulig å kjøpe billett på førehand på Trivselshagen sine nettsider.
Kvelden vert avslutta med trekking av flotte premiar, som næringslivet har sponsa heilt eller delvis. Politiet er til stades og tek alkotest av vinnarane før dei får utlevert premien. Alle ungdommane er med i trekninga.
Der vert vakter til stades inne i Trivselshagen, nattevandrarar og Røde Kors hjelpekorps går ute i sentrum, for å sjå til at alle har det bra. Det er sett opp buss til Byrkjelo kl 00.30.
Vi ynskjer ungdomane velkomne til ei kjekk rusfri 16. mai natt!
Arr.: Gloppen kommune, Nattevandrarane, Gloppen Trafikkskule, Den norske kyrkja, Sion, Røde Kors, STIL fotball og Frivilligsentralen.
Del på:
-
Open Hall 11. mai
Søndag 11. mai er det på nytt open hall i Trivselshagen bad og idrett. Frå kl. 12-15.00 kan alle som ynskjer det kome og vere i aktivitet heilt gratis på våre hallflater.
-
Temakveld om foreldrerolle og robuste barn 29. april
Førre veke var over 300 foreldre på foredrag av Line Warholm, og det var mykje engasjement i salen - vi held fram praten! Bli med på temakveld tysdag 29. april 2025, kl. 18-20, i kommunestyresalen ved heradshuset.
-
Påskeferie
Vi tar ein velfortjent ferie og ønskjer alle ei riktig god påske🐥🐣🐤!!!
-
Open Hall 13. april
🐥Open hall 13. april med påskeegg jakt🐥 Førstkomande søndag arrangerer vi gratis open hall kl. 12-15 i Trivselshallen 😄 Vi vil dessverre ikkje ha open klatrevegg eller turnhall denne gongen, men ein kan likevel gjer mykje kjekt i resten av anlegget: