-
Rusfri 16. mai natt 2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Demenskor
13 juni var siste øving for Demenskoret. Koret har gitt oss som har vore med både som hjelparar og koristar mange fine stunder med felleskap, latter, tårer, sang og litt dansing. Vi vil takke det lokale næringslivet for god støtte, vi har fått spons av mat kor enn eg har spurt, det vere seg frukt, kjeks, kringle, bollar og platekake.Vi er glade for å konstatere at vi har hatt jamt tilsig av kordeltakarar langsmed. Første øvingane var vi rundt 12 koristar og no nærmar vi oss 20. Med dirigentar, hjelparar og pårørande er det ca 50 personar involvert i koret per no. Dette viser at Demenskoret er eit tilbod det er behov for, og at vi bør behalde tilbodet også til hausten.
Koret har gitt oss som har vore med både som hjelparar og koristar mange fine stunder med felleskap, latter, tårer, sang og litt dansing. Vi har fått mange positive tilbakemedingar og set pris på kvar og ein av dei!
Matstunda er ein viktig del av øvinga, å sitje og prate ilag over ein god matbete er med å skape god stemning og samhald.
Eg vil derfor takke REMA 1000, Coop Extra, Bunnpris, Lauget, Vereide Bakeri og Bakar Jon for bidrag til matserveringa!
Takk også til Gloppen Kommune, som har latt oss bruke kantina på Omsorgssenteret gratis og fristilt arbeidstid for personalet sitt til å vere med å hjelpe til.
Og sist -men ikkje minst vil eg takke alle hjelparar og koristar som har gjort det muleg å få koret opp og gå. Mange dyktige folk eg har vore så heldig å få med meg!
Eg er sikker på at koret er av stor verdi for alle involverte og håpar vi klarer å halde fram til hausten!!!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på folkehelseundersøkinga i Vestland!
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.