-
Frivilligsentralene forespeiles nok et år med kutt, nå må Stortinget ta grep!
Norges Frivilligsentraler (NFS) er svært kritiske til at frivilligsentralene er forespeilet nok et år med kutt i statstilskuddet. Regjeringens framlagte statsbudsjett for 2026 gir ikke sentralene gode vilkår for å oppfylle formålet og kravene i forskriften som Stortinget har vedtatt.
Frivillige organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon på varer og tenester
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023. Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.Det er ope for søknadar og søknadsfristen er 1. september.
Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søkje på ordninga. Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det blir søkt kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.
Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.
Det kan søkjast etter to modellar:
Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søkje etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.
Du finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida:
Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift
Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2023.
Del på:
-
Datahjelpa er tilbake!!!
Datahjelpa er tilbake! Måndagar kl 13-14 i i det runde rom på biblioteket.
-
Open Hall søndag 14. september
Haustens første open hall blir arrangert søndag 14. september 🙂 Fjellhug/Vereide IL stiller på og hjelper oss med å arrangere, noko som vi er veldig takknemlege for 🙂
-
Gloppen arrangerer Generasjonsleikane for første gong!
Vi inviterer til Generasjonsleikane søndag 5. oktober kl 12 – 15 i Trivselshallen. Generasjonsleikane er eit konsept som kommunar over heile landet kan melde seg på. Det handlar om leik og moro på tvers av generasjonar. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det gøy, ikkje å vinne. Det er gratis å delta.
-
Høyring av planprogram - Kommunedelplan for frivilligheit
Frivillige lag og organisasjonar i Gloppen gjer ein imponerande innsats og er avgjerande for å skape gode lokalsamfunn. Kommunen har no starta arbeidet med ein kommunedelplan for frivilligheit. Har du innspel til kva ein slik plan bør innehalde, eller korleis lag og organisasjonar kan medverke til planen? Kom med innspel innan 22. oktober.