-
Datahjelpa er tilbake!!!
Datahjelpa er tilbake! Måndagar kl 13-14 i i det runde rom på biblioteket.
Strikkekveld
Enten vi likar det eller ikkje er hausten på veg. Det blir mørkare om kveldane og meir tid til å vere inne og, ja -ta fram handarbeidet😊 Vi startar snart opp igjen med strikkekveldar. Her finn du tidene for hausten!12. og 26. september
10. og 24. oktober
7. og 21. november
5. og 19. desember
Velkomen til sosialt samvær med handarbeid og noko å bite i!
Vi vil takke Europris, Fantasi, Sandane tekstil og interiør, Lopperiet og privatpersonar for bidrag med garn og pinnar.
Del på:
-
Open Hall søndag 14. september
Haustens første open hall blir arrangert søndag 14. september 🙂 Fjellhug/Vereide IL stiller på og hjelper oss med å arrangere, noko som vi er veldig takknemlege for 🙂
-
Gloppen arrangerer Generasjonsleikane for første gong!
Vi inviterer til Generasjonsleikane søndag 5. oktober kl 12 – 15 i Trivselshallen. Generasjonsleikane er eit konsept som kommunar over heile landet kan melde seg på. Det handlar om leik og moro på tvers av generasjonar. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det gøy, ikkje å vinne. Det er gratis å delta.
-
Høyring av planprogram - Kommunedelplan for frivilligheit
Frivillige lag og organisasjonar i Gloppen gjer ein imponerande innsats og er avgjerande for å skape gode lokalsamfunn. Kommunen har no starta arbeidet med ein kommunedelplan for frivilligheit. Har du innspel til kva ein slik plan bør innehalde, eller korleis lag og organisasjonar kan medverke til planen? Kom med innspel innan 22. oktober.
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.