-
Rusfri 16. mai natt 2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Movemberløpet
Komande søndag blir «Movember -løpet» arrangert på Myra frå kl. 12.00-14.00 🚶🏻♂️🏃🏻♂️🏃🏽♀️👨🦼🏃🤸🏼♀️🚶♀️. Vi håpar mange vil legge søndagsturen til Myra denne dagen og støtte ei god sak❤️ Dette er eit «løp» for folk i alle aldrar og for alle nivå. Og om du ikkje vil gå, rulle eller jogge er det supert med heiagjengar også❤️❤️❤️. Bli med!!!Vi har lyst å lage eit arrangement der vi beveger oss i lag for movember og dei 60 mannfolka vi mistar til sjølvmord i timen verda over. Dette arrangementet vil ta plass på Myra i Åsen på søndag 12.november klokka 1200 til 1400.
Dette er eit arrangement for absolutt alle. Om du er barn, ungdom, vaksen eller eldre. Ein kan velje om ein vil gå, trille/rulle, jogge eller springe. Om målet er 1km, 5km, 10km eller eit halvmaraton kan du velje
Det viktigaste er at du kjem
Vi håpar de som ser dette arrangementet vil framsnakke dette og dra med dykk både familie, vener, kollegaer og andre bekjente.
Vi samlar inn pengar via spleis til ei svært viktig sak. www.spleis.no/luftebarten. Pengane går til:
Mental helse sine svartjenester (henta frå www.mentalhelse.no)
-Hjelpetelefonen
-Studenttelefonen
-Arbeidslivstelefonen
-Foreldresupport
-sidemedord-chat
Svartjenestane dekker eit stort behov innafor psykisk helse og er ei tjeneste som opplever stort trykk. Svartjenestene leverer tjenester av høg fagleg kvalitet, dekker eit stort behov og er eit kostnadseffektivt tilbud som avlastar andre delar av det offentlige hjelpeapparatet.
-I 2022 hadde svartjenestane besvart over 375 000 henvendingar.
-Frå januar til oktober i år (2023) har Mental Helses Svartjenester fått over 275 000 henvendelser.
*Det vil bli fyrt opp grill. Dei som vil kan ta med seg bålmat. Dette må de ordne med sjølve. Men mat, drikke og gode klede etter veiret er viktig.
Ei lita oppmoding: Fram mot neste helg kan de no byrje å utfordre vener, familie, bekjente, arbeidsplassar til å være med på dette arrangementet / støtte denne saka. Eit eksempel kan være at de støttar ein i familien med 5kr per runde. Kanskje ei bedrift vil sponse med nokre kroner per runde? Og igjen - dette er eit lettbeint arrangement som er meint for alle.
Les meir om arrngementet her: (2) Movemberløpet | Facebook
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på folkehelseundersøkinga i Vestland!
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.