-
Oppsummering av seminar om frivillighet
Det var godt oppmøte i Trivselshagen 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivillighet. Gode innlegg, bra engasjement og kafèdialog resulterete i mange gode innspel til å ta med seg vidare i prosessen.
Julekveld i Trivselshagen
Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap. Vi er igong med å planlegge arrangementet og vi har behov for frivillige denne kvelden, så sitte du aleine, eller har du berre lyst å bidra til at andre får ein fin julekveld, er det berre å ta kontakt!Feiringa startar kl 16 i Kantina i Trivselshagen og vi held på fram til klokka 20.
Det blir servert julemiddag klokka 17 og etterfulgt av dessert, kaffi og julekaker.
Undervegs blir det lett underhaldning og om vi er heldige kjem nissen innom!
Prisar: vaksen kr 100,-
Barn kr 50,-
Familiar får rabatterte prisar.
Billettar får du gjennom Trivselshagen sitt billettsystem eller du kan ringe Frivilligsentralen på telefon 921 20 505.
Påmelding innan 20. desember!!!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Trivselshagen, Frivilligsentralen, Coop Extra og Røde Kors.
Del på:
-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!