Spander ei handlevogn

Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Måndag 13. november til søndag* 3. desember kan du kjøpe gåvekort hjå Coop Prix, Coop Marked, Coop Extra Sandane og Rema 1000 Sandane i Gloppen kommune. Frå mandag-fredag 4 - 22 desember blir gåvekorta delt ut frå Gloppen Frivilligsentral mellom klokka 09 og 14.
Måndag 13. november til søndag* 3. desember kan du kjøpe gåvekort hjå Coop Prix, Coop Marked, Coop Extra Sandane og Rema 1000 Sandane i Gloppen kommune.  Dette er dei same gåvekorta som vanlegvis er i butikkane, berre at når du kjøper så seier du frå til dei i kassa at du ynskjer å gje dei til "Spander ei handlevogn"-innsamlinga. Du vel sjølv kor mykje du ynskjer å gje, ut frå verdiane som er til sals. Dei i kassa tek så i mot gåvekorta og legg dei til sides, for så at gåvekorta vert samla inn på eit seinare tidspunkt.
Innsamlinga er arrangert av privatperson. Arrangør samlar saman gåvekorta og overrekker dei til Gloppen Frivilligsentral. Privatpersonar med trang økonomi kan så kome til Gloppen Frivilligsentral sine lokaler og hente gåvekort der. NAV Gloppen samarbeider med Frivilligsentralen.
Er du av dei som har litt for trang økonomi for tida, kan du kome til Gloppen Frivilligsentral frå og med måndag 4. desember til og med fredag 22. desember mellom kl. 09.00 og 14.00. Her kan du be om gåvekort og få utdelt. Alt er basert på tillit, så du treng ikkje levere inn nokon annan søknad enn å spørje der og då! Men for å ha ein viss oversikt, treng me å skrive ned namnet ditt for å sikre at det ikkje er nokon som får fleire gonger. Ein kan berre hente gåvekort ein gong per husstand.
Me håper alle som kjenner på at dei treng det, nytter seg av tilbodet. Ikkje la stoltheit eller frykt for å ta noko du ikkje fortener kome i vegen - er det trange tider, så er det trange tider!  
(*Eg tek atterhald om at eg ikkje veit om nokon har ope på søndagar i dette tidsrommet.)
Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

2026 © Gloppen frivilligsentral