-
Oppsummering av seminar om frivillighet
Det var godt oppmøte i Trivselshagen 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivillighet. Gode innlegg, bra engasjement og kafèdialog resulterete i mange gode innspel til å ta med seg vidare i prosessen.
Nytt tilbod i samarbeid med Trivselshagen Bad og Idrett!
Har du lyst å kome deg ut av huset men det er surt og kaldt ute? Har du lyst å boltre deg og leike, henge med vennar eller familie men har det litt trangt heime? Lyst å treffe nye folk?I samarbeid med Trivselshagen Bad og Idrett startar vi tilbodet Open Hall.
Ein gong i månaden opnar vi hallen for folk flest. Vi sett fram mykje spennande utstyr til fri bruk. I tillegg blir der tilbod om eit par ekstra aktivitetar kvar gong.Tilbodet er gratis!!!
4. februar blir det mulig å vere i turn hallen med instruktør frå klokka 12-13.30. Etterpå kan ein prøve seg på boble fotball på bane nede klokka 13.30-15.
Kiosken belagar seg på stor innrykk og bunkrar opp med ekstra mat så kan du få deg ein matbit og rekke bassenget når Open Hall er ferdig kl 15.
Del på:
-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!