-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen
Kva utfordringar og behov har dei frivillige laga i Gloppen? Korleis kan vi få betre dialog og samarbeid? Hjelp oss å finne det ut!
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi hadde håpa på 150 besøkande men vi anslår at det var ca 500 personar innom i løpet av dei 3 timane arrangementet varte!!! Her var god stemning og stor aktivitet på alle hallflatene, i turnhallen og i klatreveggen.
Open Hall er i hovedsak basert på eigenaktivisert aktivitet og leik men vi syns det er kjekt å kunne tilby muligheit for å prøve ut nye ting også. Denne gongen blir det boblefotball, turn, klatring, skyting med lasergevær og hesteskokasting. Og som seg hør og bør i påska arrangerer vi; PÅSKE EGG JAKT!!!
Lyst å hjelpe?
Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?
Vi set pris på alle bidrag!
Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral Tlf: 921 20 505 eller send ein epost til post@gloppen.frivilligsentral.no
Del på:
-
Oppsummering av seminar om frivillighet
Det var godt oppmøte i Trivselshagen 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivillighet. Gode innlegg, bra engasjement og kafèdialog resulterete i mange gode innspel til å ta med seg vidare i prosessen.
-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!