-
Rusfri 16. mai natt 2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlige medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)I år som ifjor blir det vert servert tacobuffé og brus, og du er med i trekninga av flotte premiar på inngangsbilletten din.
Vi satsar på fint vær og god stemning med beach volleyball turnering, konsert, diskotek og konkurransar.
På slutten av kvelden vert det trekt ut heldige vinnarar av mange flotte premiar!!!
Arrangørar:
Gloppen Kommune, Nattevandrar, Gloppen Trafikkskule, Den Norske Kyrkja, Røde Kors, STIL Fotball, Sion og Gloppen Frivilligsentral
Sponsorar:
Gloppen Trafikkskule, Intersport, Skinlo & Co, Sport 1, Subben/Trivselshagen Bad og Idrett, Pikant, Mona Lisa, Eikenes Libris, Coop Extra, Rema 1000, Bunnpris, Europris.
Har du lyst å hjelpe til? Vi har plass til fleire. Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral: 921 20 505 eller send oss ein epost: post@gloppen.frivilligsentral.no
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.