-
Oppsummering av seminar om frivillighet
Det var godt oppmøte i Trivselshagen 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivillighet. Gode innlegg, bra engasjement og kafèdialog resulterete i mange gode innspel til å ta med seg vidare i prosessen.
Oppdatering i foreningsportalen
Har ditt lag/din organisasjon hugsa å oppdatere opplysningane dine i Foreningsportalen? Hvis ikkje er det på tide å gjere det no! Målet for Gloppen Foreningsportal er å gje oversikt over alle frivillige lag- og organisasjonar i Gloppen.Per idag ligg der inne over 200 frivillige lag- og organisasjonar. Portalen har eit stort potensiale som ikkje er nytta. Dess fleire som brukar den dess bedre blir den!
Gloppen Foreningsportal gjer oversikt med kontaktopplysningar over alle frivillige lag- og organisasjonar i Gloppen .
I tillegg finn du nyheiter og relevant informasjon for frivillige lag- og organisasjonar. Lag/foreningar som ligg inne i portalen kan få tilgong til å redigere eigne opplysningar. Vi ønskjer også informasjon om nyheiter og aktivitetar -ei god muligheit for organisasjonen din til å nå ut til fleire.
Fortsatt ikkje sett portalen? Ta ein kik på Gloppen Foreningsportal.
Innspel og/eller spørsmål?
Kontakt Gloppen Frivilligsentral på post@gloppen.frivilligsentral.no eller på telefon 921 20 505
Del på:
-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!