-
Rusfri 16. mai natt 2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Opa øving og konsert med Demenskoret
Tirsdag 03. september er vi så heldige å få arrangere opa øving og konsert med Gloppen Demenskor ilag med musikarar frå Gloppen Musikkfest. Arrangementet er eit samarbeid med Gloppen Musikkfest og går av stabelen kl 17-18 på Gloppen omsorgssenter!- Velkommen til GRATIS konsert og opa øving på Gloppen omsorgssenter med Gloppen demenskor og musikarar frå Gloppen Musikkfest!
- Her vil du få høyre koret, innslag frå stryketrio, folkemusikarar og startgroparane! Og kan hende får du vere med å synge litt også? Møt opp og finn det ut!
- Medverkande:
Gloppen demenskor
Audun Sandvik, cello
Liv Hilde Klokk-Bryhn, fiolin
Ida Klokk-Bryhn, bratsj
Startgroparar
Folkemusikkstudentar frå NMH
Åååå som vi gledar oss😊!!!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.