-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen
Kva utfordringar og behov har dei frivillige laga i Gloppen? Korleis kan vi få betre dialog og samarbeid? Hjelp oss å finne det ut!
Open Hall 22. september
Hausten er her og det er på tide å starte opp att med Open hall i Trivselshagen bad og idrett 🙂 Vi gleda oss veldig til vår første Open hall, som blir søndag 22. september kl. 12-15.00.22. september kan du forvente følgjande:Vi organiserer turn- og firdahall med ulike aktivitetsstasjonar slik at små og store kan boltre seg i hallen.
I turnhall vil det vere mogleg å hoppe på stor trampoline og nytte seg av skumgrop
I Trivselshallen legg vi til rette for at ein kan drive med den aktiviteten ein sjølv ønskjer, som til dømes volleyball, basketball, badminton, rulleskøyter/skateboard, innebandy etc.Viss vi får nok frivillige vil det i tillegg vere tilbod om klatring.
I resepsjonen kan du kjøpe mykje godt, som til dømes pizza og skinkebollar.
Kva er open hall?
Open hall er eit initiativ der alle som vil kan kome til Trivselshagen bad og idrett, og vere i aktivitet heilt gratis kl. 12-15 ein søndag kvar månad. Målet med open hall er å skape ein møteplass der ein kan kome saman, vere aktive og sosiale i lag med kvarandre. Hovudfokuset ligg på eigenorganisert aktivitet der ein sjølv står ansvarleg for aktivisering innanfor dei rammene vi har. Under nokre open hall arrangement kan det hende det dukkar opp tilbod om organiserte aktivitetar, der ein instruktør/frivillig står i spissen for å vise fram/lære andre om sin aktivitet. Trivselsbadet er dessverre ikkje ein del av open hall.
Lyst å hjelpe?
Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?
Vi set pris på alle bidrag!
Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral Tlf: 921 20 505 eller send ein epost til post@gloppen.frivilligsentral.no
Del på:
-
Oppsummering av seminar om frivillighet
Det var godt oppmøte i Trivselshagen 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivillighet. Gode innlegg, bra engasjement og kafèdialog resulterete i mange gode innspel til å ta med seg vidare i prosessen.
-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!