Spander ei handlevogn

Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Frå måndag 02. desember kan du kjøpe gåvekort hjå Coop Prix, Coop Extra Sandane og Rema 1000 Sandane i Gloppen kommune. Frå mandag 9.- fredag 20. desember blir gåvekorta delt ut frå Gloppen Frivilligsentral mellom klokka 10 og 14.

Har du lyst å gje?

Finn eit gåvekort ved kassa på REMA 1000, Coop Extra eller Coop Prix, og sei at du vil donere til “Spander ei handlevogn”.
Du bestemmer sjøl kor mykje du vil gje.

Er du av dei som har litt for trang økonomi for tida?

Møt opp på Gloppen Frivilligsentral  mellom måndag 9. desember og fredag 20. desember mellom kl. 10.00 og 14.00 og spør om gåvekort.

Alt er basert på tillit, så du treng ikkje levere inn nokon annan søknad enn å spørje der og då.  Ein kan berre hente gåvekort ein gong per husstand.
Me håper alle som kjenner på at dei treng det, nytter seg av tilbodet. Ikkje la stoltheit eller frykt for å ta noko du ikkje fortener kome i vegen - er det trange tider, så er det trange tider!  

Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

2026 © Gloppen frivilligsentral