-
Rusfri 16. mai natt 2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Open Hall 15. desember
Hiv dokke rundt og bli med på siste Open Hall i 2024🏒🥅🏸🎾!!! Denne gongen drar vi også til med førjulsmoro og konkurransar🎅🏻🎄🍭🏆Vi trur nissen kjem til å gøyme litt godsaker rundt om i hallen, så kanskje nokon heldige barn og unge finne seg noko godt Meir info om akkurat dette blir lagt ut etter kvart
![]()
Ellers kan du forvente følgjande aktivitetar:
Skyting med lasergevær på friidrettsbana! Vi er så heldige å ha kjekke idrettslag i kommunen, som lånar oss utstyr slik at vi kan prøve det under open hall Som vanleg vil vi ha tilbod om klatring, så lenge vi får på plass nok frivillige.
Dette gjeld også for turnhall - har vi nok frivillige vil denne vere open.
Firdahallen blir rigga med ulike aktivitetsstasjonar
Vi setter ut rulleskøyter og skateboard i hallen nede
Frå 13.00 kan du spele badminton, volleyball og/eller basketball på bane 3 i hallen nede. Eller kan du drive med den aktiviteten du sjølv ynskjer der det er plass.
PS: Det er 1 handballkamp på bane 1 (kanskje vi får flytta den til bane 3) nede i storhallen frå kl. 12 denne søndagen, så fint om alle som kjem kan passe på at vi tar hensyn til det ![]()
Vi gleda oss til å sjå dokke i hallen 15. desember kl. 12-15
Spre ordet!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på folkehelseundersøkinga i Vestland!
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.