God Jul og Godt Nytt År!

Vi er snart tilbake i normal drift etter ei hektisk førjulstid. Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
Vi takkar alle som stiller på og brukar av si tid for å gje noko til andre, takk til dei vi jobbar ilag med til dagen for godt samarbeid og takk for alle gåver vi har motteke. De er alle med å bidra til at andre får ein betre kvardag❤️

Vi held stengt fom 23. desember til 6. januar.
Velkomen innom når vi opnar igjen!
Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

2026 © Gloppen frivilligsentral