Open Hall 13. april

🐥Open hall 13. april med påskeegg jakt🐥 Førstkomande søndag arrangerer vi gratis open hall kl. 12-15 i Trivselshallen 😄 Vi vil dessverre ikkje ha open klatrevegg eller turnhall denne gongen, men ein kan likevel gjer mykje kjekt i resten av anlegget:

Europris Sandane har sponsa oss med påskeegg, som vi gøymer rundt om i hallen (både oppe og nede). Born og ungdom kan leite etter påskeegg frå kl. 12.00. Det er KUN 1 egg per person, så har du fått eit påskeegg kan du ikkje finne fleire. Viss du finn eit egg må du gå til resepsjon og registrere funn  NB! Det vil ikkje bli gøymt nokre egg inn på dei ulike lagera våre nede! Tusen takk til Europris som sponsa 20 påskeegg til open hall
 Det blir laserskyting på løpebana i Trivselshallen⚽️ Det blir boblefotball på bane 1 i Trivselshallen. Denne gongen har vi ikkje frivillige som passar på kø, så fint vist føresatte tar eit ekstra ansvar slik at alle får prøve, og ting går fint føre seg😄
🛼🛹 På andre halvdel av bane 1 kan ein prøve rulleskøyter og skateboard
🏐🏸🏀 På bane 3 i Trivselshallen kan ein spele volleyball, badminton eller basketball.
🤸‍♀️🤹‍♂️ I Firdahallen lagar vi som vanleg til ulike stasjonar der ein kan vere i aktivitet.

For å opne klatrevegg og turnhall treng vi frivillige med brattkortkurs og sikringskurs på trampoline. Viss du har dette og ynskjer å vere frivillig under open hall, ta gjerne kontakt med oss 


Flere nyheter

Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

2026 © Gloppen frivilligsentral