-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
Temakveld om foreldrerolle og robuste barn 29. april
Førre veke var over 300 foreldre på foredrag av Line Warholm, og det var mykje engasjement i salen - vi held fram praten! Bli med på temakveld tysdag 29. april 2025, kl. 18-20, i kommunestyresalen ved heradshuset.Temaet på foredraget til Warholm var "Robuste barn" og foreldrerolla: Livet er ikkje ein dans på roser, korleis rustar vi barna våre til å tåle det livet har å by på?
Viktig tema som vi må snakke meir om
Gloppen kommune inviterer no foreldre til å snakke i lag om dette, og diskutere kva det Warholm seier har å bety for oss i praksis, her i Gloppen.
Det vil bli ei innleiing ved kommuneoverlege Benny Hansen, så det går fint an å vere med sjølv om du ikkje var på føredraget. Det blir samtale både i grupper og i plenum.
Vel møtt!
Del på:
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!
-
Julekveld i Trivselshagen
Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap.
-
Spander ei handlevogn
Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Spander ei handlevogn er eit samarbeid mellom privatperson, NAV og Gloppen Frivilligsentral, og ein enkel måte for deg som ønskjer å hjelpe dei som slit med trang økonomi.
-
Frivillighetens dag 5. desember
Torsdag 5. desember er den Internasjonale Frivilligdagen. Velkomen innom oss!!!