-
Rusfri 16. mai natt 2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Rusfri 16 mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar, konsert og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯Pris:
Mulighet for å kjøpe billettar for kr 75,- på førehand på Trivselshagen.no. Om du kjøper billett ved døra kostar det kr 100,-
I billetten får du tacobuffé, brus og er med i trekninga av flotte premiar!!!
Kva skjer?
Konsert, beach volley turnering og muligheit til å prøve spike ball, blaze pods og promillebriller.
Masse kjekke konkurransar med muligheit for å vinne småpremiar.
På slutten av kvelden vert det trekt ut heldige vinnarar av dei største premiane:
- Gåvekort kr 5000,- Gloppen Trafikkskule
- Gåvekort kr 2500,- Intersport Sandane
- Middag for 4 på Sølvane Matbar
- Boblefotball i Trivselshallen
- Gåvekort kr 1000,- Skinlo & Co
Masse gåvekort og premiar frå:
Eikenæs Norli, Pikant Frisør, Tora Frisør, Sesong, Fargerike, Interoptik, Gullsmeden, Heime, Chatlet, Vereide Bakeri, MonaLisa, Sandane Interiør og Spenst
Dette er eit sosialt og kjekt ungdomsarrangement -See U there🥳🌿!!!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.