-
Frivilligsentralene forespeiles nok et år med kutt, nå må Stortinget ta grep!
Norges Frivilligsentraler (NFS) er svært kritiske til at frivilligsentralene er forespeilet nok et år med kutt i statstilskuddet. Regjeringens framlagte statsbudsjett for 2026 gir ikke sentralene gode vilkår for å oppfylle formålet og kravene i forskriften som Stortinget har vedtatt.
Fristen for å søke om spelemidlar er 15. oktober
Har ditt lag planar om anlegg for idrett, friluftsliv eller fysisk aktivitet som er ope for allmenn bruk? Då kan det tenkast at de kan søke om spelemidlar til å finansiere delar av prosjektet. Søknadsfristen er 15. oktober 2025.Søknader om spelemidlar må via kommunen, før vi sender alle søknader frå Gloppen samla til fylkeskommunen innan 15. januar 2026. Det vert også laga ei politisk sak med prioritering av prosjekt i vår kommune til kommunestyremøte i desember 2025.
Les meir om kva anlegg som er berettiga spelemidlar i artikkel på kommunen si heimeside.
Kommunen vil også vere ein god støttespelar for idrettslag m.fl. som vurderer å søke. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål og vi hjelper med søknadsprosessen:
Birte Fossheim; birte.fossheim@gloppen.kommune.no / mob 92477248 eller
Maria Kleppe; maria.kleppe@gloppen.kommune.no / mob 94880448
Og hugs søknadsfristen 15. oktober!
Del på:
-
Datahjelpa er tilbake!!!
Datahjelpa er tilbake! Måndagar kl 13-14 i i det runde rom på biblioteket.
-
Open Hall søndag 14. september
Haustens første open hall blir arrangert søndag 14. september 🙂 Fjellhug/Vereide IL stiller på og hjelper oss med å arrangere, noko som vi er veldig takknemlege for 🙂
-
Gloppen arrangerer Generasjonsleikane for første gong!
Vi inviterer til Generasjonsleikane søndag 5. oktober kl 12 – 15 i Trivselshallen. Generasjonsleikane er eit konsept som kommunar over heile landet kan melde seg på. Det handlar om leik og moro på tvers av generasjonar. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det gøy, ikkje å vinne. Det er gratis å delta.
-
Høyring av planprogram - Kommunedelplan for frivilligheit
Frivillige lag og organisasjonar i Gloppen gjer ein imponerande innsats og er avgjerande for å skape gode lokalsamfunn. Kommunen har no starta arbeidet med ein kommunedelplan for frivilligheit. Har du innspel til kva ein slik plan bør innehalde, eller korleis lag og organisasjonar kan medverke til planen? Kom med innspel innan 22. oktober.