-
Stortinget må følge opp sin egen forskrift
I 2022 vedtok Stortinget nytt regelverk for frivilligsentralene, som blant annet krever at hver sentral må ha 100 % stilling. Nå må politikerne gi sentralene mulighet til å innfri kravene Stortinget selv har vedtatt, ved å bevilge tilstrekkelig med midler i statsbudsjett for 2026.
Søknad om momskompensasjon for frivillige lag- og foreiningar
Har din organisasjon hugsa å søke om momskompensasjon? Det er ope for søknader og fristen er 1. september!!!Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søkje på ordninga. Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det blir søkt kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2025. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.
Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.
Det kan søkjast etter to modellar:
Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søkje etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.
Du finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida:
Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift
Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2025.
Del på:
-
Fristen for å søke om spelemidlar er 15. oktober
Har ditt lag planar om anlegg for idrett, friluftsliv eller fysisk aktivitet som er ope for allmenn bruk? Då kan det tenkast at de kan søke om spelemidlar til å finansiere delar av prosjektet. Søknadsfristen er 15. oktober 2025.
-
Rusfri 16 mai natt
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar, konsert og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
-
Open Hall 11. mai
Søndag 11. mai er det på nytt open hall i Trivselshagen bad og idrett. Frå kl. 12-15.00 kan alle som ynskjer det kome og vere i aktivitet heilt gratis på våre hallflater.
-
Temakveld om foreldrerolle og robuste barn 29. april
Førre veke var over 300 foreldre på foredrag av Line Warholm, og det var mykje engasjement i salen - vi held fram praten! Bli med på temakveld tysdag 29. april 2025, kl. 18-20, i kommunestyresalen ved heradshuset.