-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
Høyring av planprogram - Kommunedelplan for frivilligheit
Frivillige lag og organisasjonar i Gloppen gjer ein imponerande innsats og er avgjerande for å skape gode lokalsamfunn. Kommunen har no starta arbeidet med ein kommunedelplan for frivilligheit. Har du innspel til kva ein slik plan bør innehalde, eller korleis lag og organisasjonar kan medverke til planen? Kom med innspel innan 22. oktober.Det er utarbeida eit planprogram som foreslår kva plan for frivilligheit skal innehalde og korleis vi skal jobbe med medverknad i planarbeidet.
Planprogrammet vil ligge på høyring i 6 veker. Frist for å kome med innspel er 22. oktober.
Planprogrammet skal stadfestast av kommunestyret på møte i desember. På nyåret startar arbeidet med sjølve planen, der vi skal hente inn kunnskap, drive medverknad og gje planen innhald. Det blir lagt opp til god involvering av lag og organisasjonar i planprosessen. Når sjølve planen blir lagt ut på høyring kan du kome med merknader også til denne.
Les meir på Gloppen Kommune sine heimesider
Del på:
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!
-
Julekveld i Trivselshagen
Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap.