-
Høyring av planprogram - Kommunedelplan for frivilligheit
Frivillige lag og organisasjonar i Gloppen gjer ein imponerande innsats og er avgjerande for å skape gode lokalsamfunn. Kommunen har no starta arbeidet med ein kommunedelplan for frivilligheit. Har du innspel til kva ein slik plan bør innehalde, eller korleis lag og organisasjonar kan medverke til planen? Kom med innspel innan 22. oktober.
Gloppen arrangerer Generasjonsleikane for første gong!
Vi inviterer til Generasjonsleikane søndag 5. oktober kl 12 – 15 i Trivselshallen. Generasjonsleikane er eit konsept som kommunar over heile landet kan melde seg på. Det handlar om leik og moro på tvers av generasjonar. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det gøy, ikkje å vinne. Det er gratis å delta.Det er Senter for et aldersvennlig Norge som står bak Generasjonsleikane som i år blir gjennomført i nærare 60 kommunar over heile landet.
Leikane blir gjennomført inne i Trivselshallen første helga i haustferien i samarbeid med Gloppen Frivilligsentral og frivillige lag- og organsisasjonar.
Det er lagt opp til rundt 10 ulike aktivitetar, og alle skal kunne delta uansett fysiske føresetnader. Laga som deltek skal ha minimum to generasjonar, og kan ha 2-5 deltakarar pr lag. Det treng ikkje vere eit «familielag». Her kan ein invitere med seg ein god nabo, venner eller kollega.
Ikkje påmelding – arrangementet er ope frå kl 12 – 15
De melder på lag når de kjem i Trivselshallen. Om du ikkje har lag, så kan du kome åleine og vi hjelper til med å sette saman lag. Her skal det blir latter, leik og moro, der det ikkje fokus på å vinne men å samarbeide. Håpar mange besteforeldre, foreldre og naboar er sporty og stiller på i leiken i lag med dei unge!
Vi gledar oss stort til ein aktivitetssøndag med mykje latter og moro for store og små!
Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Stortinget må følge opp sin egen forskrift
I 2022 vedtok Stortinget nytt regelverk for frivilligsentralene, som blant annet krever at hver sentral må ha 100 % stilling. Nå må politikerne gi sentralene mulighet til å innfri kravene Stortinget selv har vedtatt, ved å bevilge tilstrekkelig med midler i statsbudsjett for 2026.
-
Fristen for å søke om spelemidlar er 15. oktober
Har ditt lag planar om anlegg for idrett, friluftsliv eller fysisk aktivitet som er ope for allmenn bruk? Då kan det tenkast at de kan søke om spelemidlar til å finansiere delar av prosjektet. Søknadsfristen er 15. oktober 2025.
-
Søknad om momskompensasjon for frivillige lag- og foreiningar
Har din organisasjon hugsa å søke om momskompensasjon? Det er ope for søknader og fristen er 1. september!!!