-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
Spander ei handlevogn
Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Spander ei handlevogn er eit samarbeid mellom privatperson, NAV og Gloppen Frivilligsentral, og ein enkel måte for deg som ønskjer å hjelpe dei som slit med trang økonomi.Også i år køyrer vi på med aksjonen "Spander ei handlevogn". Vi samlar inn gåvekorta frå butikkane og deler dei ut til dei som treng det!
Lyst å gje?
Gåvekort til aksjonen kan kjøpast i kassa på BUNNPRIS, REMA 1000, Coop Extra eller Coop Prix.
Finn eit gåvekort ved kassa, oppgje eit valfritt beløp og sei at du vil donere til “Spander ei handlevogn”.
Du kan kjøpe gåvekort fom. 01. desember tom. julafta.
Motta gåvekort?
Gåvekorta blir delt ut på Gloppen Frivilligsentral, Firdavegen 16, i perioden 8.-19. desember. Vi deler ut mellom kl. 10. og kl. 14.
Du treng ingen avtale eller dokumentasjon -berre møt opp på Gloppen Frivilligsentral og spør om gåvekort!
Les meir om aksjonen her: Spander ei handlevogn
Del på:
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!
-
Julekveld i Trivselshagen
Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap.
-
Frivillighetens dag 5. desember
Torsdag 5. desember er den Internasjonale Frivilligdagen. Velkomen innom oss!!!