-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
Julekveld i Trivselshagen
Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap.Feiringa startar kl 16 i Kantina i Trivselshagen og vi held på fram til klokka 20.
Det blir servert julemiddag klokka 17 og etterfulgt av dessert, kaffi og julekaker.
Undervegs blir det lett underhaldning og om vi er heldige kjem nissen innom!
Prisar: vaksen kr 100,-
Barn kr 50,-
Familiar får rabatterte prisar.
Billettar får du gjennom Trivselshagen sitt billettsystem eller du kan ringe Frivilligsentralen på telefon 921 20 505.
Påmelding innan 19. desember!!!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Trivselshagen, Frivilligsentralen, Coop Extra og Røde Kors.
Del på:
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!
-
Spander ei handlevogn
Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Spander ei handlevogn er eit samarbeid mellom privatperson, NAV og Gloppen Frivilligsentral, og ein enkel måte for deg som ønskjer å hjelpe dei som slit med trang økonomi.
-
Frivillighetens dag 5. desember
Torsdag 5. desember er den Internasjonale Frivilligdagen. Velkomen innom oss!!!