-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen
Kva utfordringar og behov har dei frivillige laga i Gloppen? Korleis kan vi få betre dialog og samarbeid? Hjelp oss å finne det ut!
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.Målet med seminaret den 11. februar er å bygge ny og felles kunnskap om samspelet mellom kommune og frivilligheit. Vi har fått med oss Trude Risnes frå Distriktssenteret og Brita Brekke frå Frivillighet Norge til å bidra med sin kunnskap om temaet, og legg til rette for refleksjon i grupper etter foredraga.
Trude Risnes jobbar med stadutvikling, bumiljø og samskaping i Distriktssentereti Sogndal. Dei jobbar no med å bygge opp ein kunnskapsbase om korleis distriktskommunar og frivilligheita kan samarbeide om å møte samfunnsutfordringar.
Brita Brekke er politisk rådgjevar i Frivillighet Norge, som er eit samarbeidsforum for frivillige organisasjonar i Norge. Dei jobbar med å hjelpe kommunar i å utvikle lokal frivilligheitspolitikk, og å sikre vekst og utvikling i frivilligheita.
Program:
- 18:00 - Korleis samarbeider kommunen og frivilligheita i dag? Status og utfordringar - v/Torbjørn Brandsæter, kommunalsjef samfunn og berekraft i Gloppen kommune
- 18:20 - Nye perspektiv på samarbeid mellom kommune og frivilligheit - v/Trude Risnes, Distriktssenteret
- 19:00 - Dei frivillige sitt perspektiv - motivasjon og ringverknader - v/Brita Brekke, Frivillighet Norge
- 19:45 - Korleis kan vi bruke denne kunnskapen i Gloppen? - Kafédialog – ein matbit og refleksjon i grupper
- 20:30 - Felles avslutting og vegen vidare - v/Gloppen kommune
Kunnskapsseminaret er ope for alle, og vi ønskjer særleg deltaking frå frivillige lag og organisasjonar, politikarar og tilsette i kommunen.
Arrangementet er i kinosalen og foajeen i Kulturhuset Trivselshagen.
Hugs å melde deg på innan 5. februar!
Del på:
-
Oppsummering av seminar om frivillighet
Det var godt oppmøte i Trivselshagen 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivillighet. Gode innlegg, bra engasjement og kafèdialog resulterete i mange gode innspel til å ta med seg vidare i prosessen.
-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!