-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!Program:
Appell // Torunn Ommedal Aandstad
Internasjonal appell // Yuliia Danilenkova
Song og musikk // Valentyna Batrak
Diktlesing // Emma og Vilde, 1. kl drama på Firda vgs
Tre kvinnefolk i Gloppen // Hege Lothe
Programleiar // Synne Marie Oppheim
Allsong // Utlodding // Kveldsmat
Hadde det vore fint å få skyss? Vi stiller med skyss frå Sandane (frå Best på Kleivedammen) eller (Intersport Sandane) klokka 17.15, og frå Runnvang klokka 17.30.
Gratis inngang. Alle er velkomne!
Arrangørar: Hyen bygdekvinnelag, Breim bygdekvinnelag, Gloppen bygdekvinnelag, Nesjane bygdekvinnelag, Gloppen frivilligsentral, Gloppen SV, Gloppen Ap og Gloppen Sp.
Del på:
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!
-
Julekveld i Trivselshagen
Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap.
-
Spander ei handlevogn
Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Spander ei handlevogn er eit samarbeid mellom privatperson, NAV og Gloppen Frivilligsentral, og ein enkel måte for deg som ønskjer å hjelpe dei som slit med trang økonomi.