-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen
Kva utfordringar og behov har dei frivillige laga i Gloppen? Korleis kan vi få betre dialog og samarbeid? Hjelp oss å finne det ut!
Open Hall 29. mars
Velkomne til Open Hall i Trivselshallen, Palmesøndag 29.Mars frå kl. 12.00 - 15.00.Arrangementet er gratis og ope for alle!
Kva skjer?
Her blir det påskeeggjakt, rulleskøyter, innebandy, pickeball, blazepods, klatring, boblefotball, ballspel, badmington, turn, og felles trening med Monica Kjerstad Nilsen kl 13.00.
Badeanlegget og kiosken er ope som vanleg: 12.00-17.00!
Aktivitetsløypa i bassenget vert oppe heile påska- og det må løysast billett der!
Velkomne
Del på:
-
Oppsummering av seminar om frivillighet
Det var godt oppmøte i Trivselshagen 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivillighet. Gode innlegg, bra engasjement og kafèdialog resulterete i mange gode innspel til å ta med seg vidare i prosessen.
-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!