-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
Bli med på folkehelseundersøkinga i Vestland!
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!Undersøkinga er på nett, og det tek om lag 20 minutt å svare. Dei som blir trekte ut, får invitasjon direkte frå HELSEnorge.
Om du treng hjelp til å logge inn og svare, kan du få det på biblioteket i deira opningstider.
Du får vere anonym
Det er trygt å delta, og alle svar blir behandla konfidensielt i tråd med gjeldande personvernreglar. Ingen enkeltpersonar ikkje kan identifiserast.
Målet med undersøkinga er å få betre kunnskap om helse, trivsel og livskvalitet blant innbyggarane. Denne kan hjelpe oss å planlegge tenester og førebyggjande tiltak. Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet, Vestland fylkeskommune og kommunane.
Alle som svarer på undersøkinga, er med i trekkinga av ti gåvekort på 1000 kroner.
Spørsmål?
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Vestland fylkeskommune:
e-post: fhus@vlfk.no
eller ringje: 90 14 53 55 (kl. 9.00–15.00)
Meir informasjon
eller på FHI sine nettsider
Del på:
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.
-
Open Hall 29. mars
Velkomne til Open Hall i Trivselshallen, Palmesøndag 29.Mars frå kl. 12.00 - 15.00.