-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen.
Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
Årets datoar og arrangement:
| Dato | Kva skjer |
|---|---|
| 11. april | Aktivitetslaurdag med Nordfjord folkehøgskule |
| 30. mai | Hagelaget sin hageloppemarknad |
| 13. juni | Sommarfest med Gloppen kulturskule og Bondens Marknad |
| 11. juli | Countrylaurdag |
| 15. august | Sandanedagane |
| 12. september | Nordfjordryggen - Fjelløp |
| 19. september | Matamål - marknadsdag |
| 17. oktober | Bluesfestival |
| 28. november | Julegrantenning |
Du vil også finne att alle datoane og meir informasjon om kvar enkelt arrangment i vår rikhaldige aktivitetskalendar.
Ta kontakt
Det er i utgangspunktet gratis å delta på landsbylaurdag, men på Sandanedagane og Matamål må ein melde seg på og betale for å ha stand.
Har du spørsmål eller vil delta på landsbylaurdag – ta kontakt med Birte Fossheim – mob 92 47 72 48 el epost: birte.fossheim@gloppen.kommune.no
Del på:
-
Bli med på folkehelseundersøkinga i Vestland!
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Bli med på frivilligkveld
Frivilligkveldane er ein møteplass for frivillige lag i Gloppen, der kommunen inviterer til dialog om frivilligheit og samarbeid.
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.
-
Open Hall 29. mars
Velkomne til Open Hall i Trivselshallen, Palmesøndag 29.Mars frå kl. 12.00 - 15.00.