Data kurs

Er du ein av dei som føler at du ikkje strekk til i dagens datasamfunn? Meld deg på , gratis, individuell dataopplæring!

Pensjonistlaga i Gloppen samarbeider med kommunen, Seniornett Gloppen og Sandane datastove om å tilby gratis datakurs for å ruste deg til å klare deg betre i vår digitale kvardag.
Du vil lære:

  • Å sende og ta imot e-post, tekstmeldingar, bilde og video frå telefon
  • Å betale rekningar gjennom nettbank
  • Å bruke internett til glede og til å skaffe deg nødvendig informasjon
  • Å logge inn og bruke offentlige sider, som eksempelvis helsenorge, NAV og pasientreiser.

Opplæringa blir for det meste ein til ein, så det er rom for å tilpasse opplæringa til kvar enkelt.

Lyst å meld deg på eller få meir informasjon?
Kom innom Frivilligsentralen eller ring oss på 92120505!

2024 © Gloppen frivilligsentral