Demenskor

13 juni var siste øving for Demenskoret. Koret har gitt oss som har vore med både som hjelparar og koristar mange fine stunder med felleskap, latter, tårer, sang og litt dansing. Vi vil takke det lokale næringslivet for god støtte, vi har fått spons av mat kor enn eg har spurt, det vere seg frukt, kjeks, kringle, bollar og platekake.

Vi er glade for å konstatere at vi har hatt jamt tilsig av kordeltakarar langsmed. Første øvingane var vi rundt 12 koristar og no nærmar vi oss 20. Med dirigentar, hjelparar og pårørande er det ca 50 personar involvert i koret per no. Dette viser at Demenskoret er eit tilbod det er behov for, og at vi bør behalde tilbodet også til hausten. 

Koret har gitt oss som har vore med både som hjelparar og koristar mange fine stunder med felleskap, latter, tårer, sang og litt dansing. Vi har fått mange positive tilbakemedingar og set pris på kvar og ein av dei!  

Matstunda er ein viktig del av øvinga, å sitje og prate ilag over ein god matbete er med å skape god stemning og samhald.
Eg vil derfor takke REMA 1000, Coop Extra, Bunnpris, Lauget, Vereide Bakeri og Bakar Jon for bidrag til matserveringa!
Takk også til Gloppen Kommune, som har latt oss bruke kantina på Omsorgssenteret gratis og fristilt arbeidstid for personalet sitt til å vere med å hjelpe til.
Og sist -men ikkje minst vil eg takke alle hjelparar og koristar som har gjort det muleg å få koret opp og gå. Mange dyktige folk eg har vore så heldig å få med meg!

Eg er sikker på at koret er av stor verdi for alle involverte og håpar vi klarer å halde fram til hausten!!!


Flere nyheter
2024 © Gloppen frivilligsentral