-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til mine vanlige frivillige. Vi er et flott team så dette blir nok eit kanonarrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!Velkomen til markering av kvinnedagen onsdag 8. mars klokka 18 på Nordfjord folkemuseum på Sandane.
Det blir både flott program og vi kveldsmat saman.
Du får oppleve:
Appell ved Randi Skaaden Felde
Diktlesing ved Margot Sande
Song og musikk ved Åsaliv Røgeberg
Internasjonal appell ved Olena Kurovska frå Ukraina
Heider til tre kvinnfolk ved Hege Lothe
Vi oppmodar alle om å ta med seg eit pålegg til eit felles kveldsmåltid. Nemnda ordnar med brød, smør, saft, kaffi og te.
Arrangørar: Gloppen bygdekvinnelag, Gloppen frivilligsentral, Gloppen Mållag, Gloppen SV, Gloppen Ap og Gloppen Sp.
Vi ynskjer folk i alle aldrar velkomen til ei gratis og flott markering av kvinnedagen!
Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?
-
Quiz på Frivilligsentralen!!!
Hei hei! Vi er ei lita gruppe, som har valgfaget innsats for andre. Vi vil gjerne gjere noko for nokon andre og no har vi komne fram til at vi vil ha ein quiz på frivillighetssentralen.