-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
Feiring av frivilligdagen
5. desember feira vi frivilligdagen med ope hus!FN sin dag for frivillig arbeid er 5. desember. Vi er takksame for alle frivillige som gjer ein god innsats. Vi feira dagen med ope hus og mange frivillige på besøk. Med gode smørbrød frå det kommunale kjøkenet, kaker og kaffi. Det var god prat og god stemning.Takk til alle som kom!
Del på:
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?
-
Quiz på Frivilligsentralen!!!
Hei hei! Vi er ei lita gruppe, som har valgfaget innsats for andre. Vi vil gjerne gjere noko for nokon andre og no har vi komne fram til at vi vil ha ein quiz på frivillighetssentralen.