Frivillige er viktige for Kommunen!

Igår var det sjukdom hos tilsett i kommunen. Takka vere sporty frivillige, som tok ansvaret aleine slapp vi å avlyse onsdagstreffet!

Onsdagstreffet er eit tilbod for heimebuande eldre. Kvar onsdag kl 11 til kl 14 møtest vi til sosialt samvær i kantina på Gloppen omsorgssenter. Det er tid for prat, litt underhaldning og allsong. Det blir gjennomført ei trimøkt som blir tilpassa slik at alle kan delta. Samlinga blir avslutta med felles middag. Ansvarleg for treffet er ein tilsett frå kommunen. Ho har med seg frivillige som hjelper med henting og bringing av deltakarane og på kjøkenet. 

Når det kun er ein person som har ansvaret for treffet er det svært sårbart om nokon blir sjuke. Takka vere våre fantastiske frivillige blei treffet gjennomført -med ein litt anna vri enn ellers, men både dei frivillige og deltakarane var svært fornøgde med gjennomføringa!

2024 © Gloppen frivilligsentral