Frivillige organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon på varer og tenester

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023. Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Det er ope for søknadar og søknadsfristen er 1. september.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søkje på ordninga. Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det blir søkt kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.

Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.

Det kan søkjast etter to modellar:
Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søkje etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.

Du finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida:
Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift
Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2023.

Flere nyheter
2024 © Gloppen frivilligsentral