-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlig medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
Gjensidigestiftelsen held digitalt informasjonsmøte om si haustutlysing av midlar "Aktiv fritid for alle"
Torsdag 15. juni kl. 19.00 inviterer Gjensidigestiftelsen til digitalt informasjonsmøte om si haustutlysing "Aktiv fritid for alle". Håpar det er mange lag og organisasjonar i Gloppen Kommune som blir med. Klikk deg vidare for å lese invitasjon og melde dykk på.Velkommen til Gjensidigestiftelsen sitt digitale informasjonsmøte 15. juni kl. 19.00 om høstutlysningen «Aktiv fritid for alle».
I møtet vil vi gå igjennom kriteriene og høste erfaringer fra ulike organisasjoner, samt bistå med spørsmål for de som ønsker å søke. Søknadsfristen er 1. september.
Les mer om Høstutlysningen her: Aktiv fritid for alle 2023 - Gjensidigestiftelsen
Meld dere på møtet her: Microsoft Virtual Events Powered by Teams
Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?