Julekveld i Trivselshagen

Tradisjonen tru feirer vi julekvelden i Trivselshagen. Det blir god mat og underhaldning ein kan nyte i godt selskap. Vi er igong med å planlegge arrangementet og vi har behov for frivillige denne kvelden, så sitte du aleine, eller har du berre lyst å bidra til at andre får ein fin julekveld, er det berre å ta kontakt!

Feiringa startar kl 16 i Kantina i Trivselshagen og vi held på fram til klokka 20.

Det blir servert julemiddag klokka 17 og etterfulgt av dessert, kaffi og julekaker.
Undervegs blir det lett underhaldning og om vi er heldige kjem nissen innom! 

Prisar: vaksen kr 100,-
Barn kr 50,-
Familiar får rabatterte prisar.

Billettar får du gjennom Trivselshagen sitt billettsystem eller du kan ringe Frivilligsentralen på telefon 921 20 505.

Påmelding innan 20. desember!!!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Trivselshagen, Frivilligsentralen, Coop Extra og Røde Kors.

2024 © Gloppen frivilligsentral