Konsert i Trivselshagen med Jørn og Hege - gir overskot til frivilligsentralen

Jørn Moen og Hege Alme spelar livekonsert og Trivselshagen streamar den til oss. Overskotet frå konserten går til frivilligsentralen. Vi takkar hjarteleg!

For nær 10 år sidan var Jørn Moen den første lokale artisten til å fylle kultursalen til konsert. Og konserten "Ein HIT, men ikkje lenger" vart ein suksess med to fulle hus.

Jørn er ofte å sjå på scena vår i ulike samanhengar, men no lar han trommestikkene vere heime og tek med seg gitaren. No blir det livestreama konsert i felleskapets ånd og Jørn gir ein hyllest til frivilligheta. Så overskotet av konserten går til Gloppen Frivilligsentral som gjer ein stor innsats for lokalsamfunnet vårt.

Med på scena, heilt frivilleg og på god avstand, kjem også Hege Alme. Hege er ei kjend stemme i musikklivet i Gloppen. Og dei har allereie fleire konsertar i lag før dei no skal bli digitale.

2024 © Gloppen frivilligsentral