Kvinnedagen 2020

Bli med å feire den internasjonale kvinnedagen søndag 8.mars! Velkomen til Breidarheim på Byrkjelo kl 18.

                                    


Det blir eit flott program med innlegg frå 

- Annette Holme som jobbar på fylkesarkivet og vil fortelje om dei første kvinnene som tok utdanning

- Gro Skrede Mardal er kredittdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane vil sei korleis arbeidsplassen hennar medvite har jobbar for å rekruttere kvinner til viktige posisjonar i organisasjonen

- Signe Bjoteveit er ung senterpartipolitikar og vi dele sitt syn på kvinnedagen

- Najla Ahmad Alkilani, Safia Yassin Alhariri og Ahed Zeid Alomar frå Syria om kvinnerolla i Norgeg og Syria

Margot Sande les dikt og musikklineelevane Thea Selsvik og Sølvi Kvam syng. 

Det blir kveldsmåltid der komiteen kjøper inn brød, smør, kaffi og te - og så kan dei som har høve ta med eit pålegg til eit felles bord der vi kan forsyne oss med mykje god mat!

Det er gratis å kome inn! Det blir åresal så det kan vere fint med litt kontantar eller tilgang på vipps.


VEL MØTT!

Flere nyheter
2024 © Gloppen frivilligsentral