-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlig medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
Lyst å bety noko for andre? -Sjå her!!!
Har du litt tid til overs og lyst til å bruke den på andre? Gloppen Frivilligsentral kan garantere at vi skal finne eit oppdrag du vil trivast med og at tida di blir sett stor pris på:-)Vi treng nye frivillige!!!
Om du likar å ha med unge eller gamle å gjere, køyre bil, jobbe med praktisk arbeid, gå tur, synge eller spele, lære ifrå deg, vere sosial, vise omsorg, bety noko for andre -vi har oppdraget for deg:-)
- middagssjåførar
- frivillige på onsdagstreffet
- tur/besøksvener
- frivillige på Demenskoret
- leksehjelp
- "reservebesteforeldre"
Vi er opptatt av å tilpasse oppdraget til den tida du har til rådigheit og dine ønskjer. Ta gjerne kontakt for meir info!!!
Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?