Markering av kvinnedagen 8 mars!

Velkomen til markering av kvinnedagen onsdag 8. mars klokka 19 på Heradsplassen på Sandane.

Det blir eit flott program:
Internasjonal appell: Olga og Victoria frå Ukraina
Appell ved Beate Dybendal Nordvik, kommunestyrerepresentant for Høgre
Song ved Veronika Kvandal Gjelsten
Musikk ved Ola Skarstein Tennes
Dikt ved Ingeborg Henden Fridtun, leiar i Firda Målungdom

Karoline Bjerkeset, kommunerepresentant for Sp og Hege Lothe, fyrstekandidat for Gloppen SV er programleiarar.

Det blir bålpanner og sal av faklar. Folk i alle aldrar er velkomne! Gratis!

Dei som inviterer er Gloppen bygdekvinnelag, Hyen bygdekvinnelag, Nesjane bygdekvinnelag, Gloppen frivilligsentral, Gloppen Mållag, Gloppen SV, Gloppen Ap og Gloppen Sp.

Vi ynskjer velkomen til ei gratis og flott markering av kvinnedagen!

2024 © Gloppen frivilligsentral