Open Hall

Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?

Vi hadde håpa på 150 besøkande men vi anslår at det var ca 500 personar innom i løpet av dei 3 timane arrangementet varte!!!
Her var god stemning og stor aktivitet på alle hallflatene, i turnhallen og i klatreveggen.
Det fantastiske oppmøtet viser at dette er eit tilbod det er behov for. Veldig kjekt å sjå at her var folk i alle aldrar og med ulik bakgrunn -mange som vi ikkje vanligvis har sett i hallen før. Her var også folk frå nabokommunane Stryn, Stadt og Sunnfjord Kommune.

Open Hall er i hovedsak basert på eigenaktivisert aktivitet og leik men vi syns det er kjekt å kunne tilby muligheit for å prøve ut nye ting også, denne gongen var det turn, klatring og boblefotball.
Både Maria, May-Britt og eg var i sving under arrangementet. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Vi set stor pris på alle frivillige som var med å bidra denne gongen! Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! No håpar vi på fleire hender!!!

Lyst å hjelpe?
Vi set pris på alle bidrag!
Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral Tlf: 921 20 505 eller send ein epost til post@gloppen.frivilligsentral.no



2024 © Gloppen frivilligsentral