-
Spander ei handlevogn
Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Frå måndag 02. desember kan du kjøpe gåvekort hjå Coop Prix,, Coop Extra Sandane og Rema 1000 Sandane i Gloppen kommune. Frå mandag 9.- fredag 20. desember blir gåvekorta delt ut frå Gloppen Frivilligsentral mellom klokka 09 og 14.
Open Hall 22. september
Hausten er her og det er på tide å starte opp att med Open hall i Trivselshagen bad og idrett 🙂 Vi gleda oss veldig til vår første Open hall, som blir søndag 22. september kl. 12-15.00.22. september kan du forvente følgjande:
Vi organiserer turn- og firdahall med ulike aktivitetsstasjonar slik at små og store kan boltre seg i hallen.
I turnhall vil det vere mogleg å hoppe på stor trampoline og nytte seg av skumgrop
I Trivselshallen legg vi til rette for at ein kan drive med den aktiviteten ein sjølv ønskjer, som til dømes volleyball, basketball, badminton, rulleskøyter/skateboard, innebandy etc.Viss vi får nok frivillige vil det i tillegg vere tilbod om klatring.
I resepsjonen kan du kjøpe mykje godt, som til dømes pizza og skinkebollar.
Kva er open hall?
Open hall er eit initiativ der alle som vil kan kome til Trivselshagen bad og idrett, og vere i aktivitet heilt gratis kl. 12-15 ein søndag kvar månad. Målet med open hall er å skape ein møteplass der ein kan kome saman, vere aktive og sosiale i lag med kvarandre. Hovudfokuset ligg på eigenorganisert aktivitet der ein sjølv står ansvarleg for aktivisering innanfor dei rammene vi har. Under nokre open hall arrangement kan det hende det dukkar opp tilbod om organiserte aktivitetar, der ein instruktør/frivillig står i spissen for å vise fram/lære andre om sin aktivitet. Trivselsbadet er dessverre ikkje ein del av open hall.
Lyst å hjelpe?
Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?
Vi set pris på alle bidrag!
Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral Tlf: 921 20 505 eller send ein epost til post@gloppen.frivilligsentral.no
Del på:
-
Frivillighetens dag 5. desember
Torsdag 5. desember er den Internasjonale Frivilligdagen. Velkomen innom oss!!!
-
Her er finalistene til den nasjonale Frivillighetsprisen 2024
Hvert år tildeler Kultur- og likestillingsdepartementet, Frivillighet Norge og Norsk Tipping Frivillighetsprisen til en person, lokal forening eller organisasjon som har gjort ekstraordinær frivillig innsats. Nå er årets seks finalister klare! De neste dagene er det opp til folket å stemme på sin favoritt. Prisen deles ut på Frivillighetens dag 5.desember av kultur- og likestillingsminister, Lubna Jaffery.
-
Open Hall 24 november
På søndag er det duka for Open hall! Det blir som vanlig klatring, Open Turnhall og eigenorgansiert aktivitet. Vi set fram mykje kjekt utstyr til fri bruk!
-
Her er finalistene til Årets nykommer i frivilligheten 2024
Finalistene til Årets nykommer i frivilligheten viser hvordan frivillig engasjement åpner nye dører – uansett alder eller bakgrunn. Årets nykommer setter et viktig søkelys på mulighetene for å engasjere seg, dette i etterdønningene av en pandemi som påvirket flere frivillige organisasjoner. Prisen deles ut av stortingspresident Masud Gharahkhani på Frivillighetens dag, 5. desember.