Oppstart av Demenskor

Vi startar demenskor i Gloppen! Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.

Demenskoret har fått ei fantastisk mottaking og bidreg til auka openheit og forståing for personer med demens og deira pårørende. Musikk og samspel med andre kan ha positiv effekt på kognitive utfrodringar, og kan føre til oppleving av glede og verdifulle augeblikk av meistring. Evna til å synge og hugse melodiar beheld dei fleste med demens. Forskning viser at song og musikk har ein positiv effekt på symptom og livskvalitet hjå personar med demens. 

No startar demenskor og sangaktivitetar over heile landet, og vi er også klare for oppstart av Demenskor i Gloppen!

Koret skal vere eit lavterskeltilbod for personar med kognitiv svikt. Koret blir eit prøveprosjekt fram til sommaren, og det er gratis å delta. Eg har fått med meg Solfrid Bjørkum, Dorthee Rascwitz, Steinar Engelbrektson, Diana Uribe, Merete Knoff og Olin Almenning på laget og har trua på at dette skal bli eit forrykande kjekt tilbod!

Første øving blir tysdag 11 april kl 17-18.30. Vi får låne kantina på Gloppen Omsorgssenter, og øver der kvar tysdag fram til sommaren.

Eg har alt fått ei rekke frivillige og koristar, så har du lyst å vere med må du vere rask på labben!

Foto: Firda Tidend


Flere nyheter
2024 © Gloppen frivilligsentral